Stilling
Nostrum
Debitis
Jeune.no («skjønn») er et studentdrevet talerør for unge. Gjør som over 300 andre unge og skriv for Jeune.

– Eg ynskjer meg eit meir nyansert bodskap frå Greta Thunberg

11.11.2021
No items found.
Amalie Dalhaug Halleland
Dette innlegget er skrevet av
Foto: Stefan Müller og Privat

Kanskje har eg vorte gamal og konservativ sidan sist gong eg streika for klimaet, eller så har det skjedd noko med retorikken til Greta Thunberg? Eg har følt meg som ein del av hennar generasjon og prosjekt, eg les alt ho skriv og argumenterer hardt med klimafornektande onklar og andre. Men no kjenner er meg ikkje att i retorikken ho brukar.

«No more what the fuck they’re doing in there!» Skal verdas leiarar stoppe å forhandle om klimakutt berre fordi det ikkje går så fort som me ynskjer? Når Greta lagar eit bilete av at politikarene ikkje gjer noko for klimaet, og at dei berre pratar om å kutte for å grønvaske seg sjølv, så skapar det politikarforakt. Eg er einig i at mange av dei pratar mest å handlar mindre, det er mykje «bla, bla, bla», men dei gjer noko og mange har skjerpa måla sine ytterlegere sidan Paris.

Eg er uroa for at unge ikkje klarer å sjå at politikarene faktisk prøvar, nokon av dei, men at den politiske verkelegheita dei jobbar i er prega av at ei stor gruppe i befolkninga er imot dyrare strøm og fossilt brennsel. Dei har ikkje råd til å forsette liva sine for før, medan andre ikkje vil merke om fossilt brennsel blir dyrare. Denne ulikheita mellom folk er eit problem politikarane må løyse utan at det gjer at ein ikkje kan kutte utslepp. Dette er den store svakheita til demokratiet.

Vi må ta til gatene, vi må skrike at det ikkje er godt nok, vi må seie i frå om at dei sett vår framtid på spel. Men vi må ikkje lære unge at politikk ikkje speler ei rolle fordi politikarene ikkje gjer noko. Vi må ikkje seie at det dei gjer ikkje betyr noko, for det gjer det! Det dei blir einige om i dei møta kan få store konsekvensar for mi og di framtid, det må vi ikkje tvile på. Vi kan ikkje endre systemet utan revolusjon eller at politikarar steg for steg lagar eit meir berekraftig system. Eg vil ikkje leve i eit samfunn der vi ikkje lit på politikarane i det heile. Der unge ikkje trur at det nyttar å gå vegen gjennom systemet og demokratiet for å gjere ein skilnad i byen, landet eller verda.

"Vi må ikkje lære unge at politikk ikkje speler ei rolle fordi politikarene ikkje gjer noko."

Eg er redd, eg er redd for kva den splittande retorikken gjer med barn og unge, for om dei gir opp politikken og demokratiet vårt, kvar står me då om nokon år? Kanskje det ikkje betyr noko då, sidan jorda høgst sannsynleg er varma opp med over 2 grader uansett. Dei gjer aldri som dei seier desse politikarene.

Eg ynskjer meg eit meir nyansert bodskap frå Greta Thunberg. Er det ikkje mogleg å formidle noko kraftfullt til engasjert ungdom som både manar til kamp og kritiserer den politiske leiinga, samstundes som ein ikkje skal svartmale alt dei gjer og alle løysingane dei kjem med? Det verdas leiarar gjer kjem nok ikkje til å bli bra nok for Greta Thunberg, eller for meg, men om me lurar alle unge til å tru at dei ikkje gjer noko som helst gjer me oss sjølv ei bjørneteneste.

Vipps til #665544 for å støtte studentene bak denne nettsiden.