Vipps til #665544 og støtt de unge studentene bak denne siden.

20kr er mer enn nok!
Dette innlegget gir uttrykk for skribentens holdning. Gjør som 200 andre unge og skriv for Jeune

- Du er hetero... Eller?

18.9.2021 20:25
Lena Berge, student
Profilbilde: Privat. Hovedbilde: Morten F, (CC BY-NC-SA 2.0)

Jo, majoriteten av befolkninga vel det livet og dette er ikkje ein diss av dei som ynskjer eit slikt liv. Dette er berre nokre tankar kring måten me opprettheld normane på og kva me kan gjera for å verta meir bevisste eigne haldningar. Fordi, trass i at svært mange føl denne stien, er det mange som av forskjellige grunnar ikkje passar inn i denne ramma samfunnet har laga, men som likevel stadig vert minna på at det er vegen å gå.


Unge i Noreg i dag er heldige, det er eg klar over. Me har rett til å ytra oss om det me står for og me har til ei viss grad fridom til å velja vegen som passar oss. Likevel er det nokon veletablerte normer for det vaksne liv som påverkar dei fleste og nokon meir enn andre, og som kan vera med på å redusera denne fridomen. «Er det nokon damer på gang i storbyen då?», verkar som eit uskuldig spørsmål for ein mann, men kan ha stor innverknad på ein annan. Offeret for spørsmålet tante stiller ved julemiddagen kan akkurat ha samla mot nok til å kome ut av «skapet», men blir med eitt dytta litt inn igjen. At ein skal måtta «koma ut» viser jo berre kor inngrodd tanken om at folk er «hetero till proven otherwise» er. Det handlar jo sjølvsagt om at det gjennom historia har vore, og for mange endå er, stor skam knytt til å ha ein annan legning enn heterofil. Derfor skal eg ikkje sei at den einaste grunnen til at ein må «koma ut» er fordi dei fleste tenkjer at folk rundt seg er hetero, men skammen og forventningane heng saman. Gjennom eit slikt spørsmål vert vedkomande minna på at det faktisk er nødvendig å «koma ut» som noko anna enn heterofil, og vert fråteken litt av fridomen til å definera seg sjølv.


Arbeidet med å skapa opne haldningar hjå menneske meiner eg at startar allereie i barnehagen. Foreldra og dei vaksne i barnhagen må vera bevisste på at dei fremjar andre typar familiesamansetjing og måte å leva livet sitt på for barna, enn den typiske mor, far og barn- modellen. Byrjar ein allereie i den alderen, vert dette implementert og med vidare. Barn bryr seg ikkje om kven som elskar kven, men dei må vita at det også finst menn som elskar menn og kvinner som elskar kvinner og alt i mellom. Dette trur eg at vil bidra til at fleire menneske i vaksen alder møter folk utan ein formeining om kven vedkomande er eller ikkje er.


Ein stiller ofte slike spørsmål som nemnt lenger oppe, utan å tenkja seg om. Sjølv har eg gjort det mange gonger, men har etter kvart lært meir og dermed vorte betre på å møta folk med ei open haldning. Av eigen erfaring meier eg at det å irettesetja andre og å vera litt pirkete vil utdanna folk, og mange vil setja pris på det. For dei derimot, som er klar over sine homofobiske haldningar, trengst dei meir enn ein påminning. Der må det gode, saklege diskusjonar til for at dei skal sjå ting i eit nytt perspektiv.


Med desse tankane vil eg som alle andre som skriv slike innlegg, få folk til å stoppa opp og tenkja litt. Vi lever i ei heteronormativ verd. Desse normene og forventningane har vore med gjennom heile historia, og derfor tek lang tid å endra. Alle må derfor gjera det dei kan for å verta bevisste sine eigne haldningar. Møt folk med opent sinn og legg vekk det du sjølv tenkjer er riktig. Still masse spørsmål, men omformuler deg litt for å visa den andre at du er open for at hen kan definera seg som noko anna på spekteret enn heterofil.


Teksten ble først publisert på jeune.no, desember 2020.

Klar for litt trygling?

Du kan støtte studentene bak Jeune ved å vippse det du vil til #665544, slik at vi kan fortsette å løfte frem unge stemmer. 20kr er mer enn nok!

Du kan også støtte oss ved å følge oss på Instagram.

Siste: